[email protected]


Logo
Bli medlem
Om Ulvik IL

FamilieDUGNAD på Drevtjørn

Forfatter: Skigruppa UIL

10. oktober 2026

News article image

FAMILIEDUGNAD laurdag 17.oktober kl.12-15

Velkomen til dugnad – me gjer løypa og anlegget klart for aktivitet til vinteren!

Me har allereie hatt ein del dugnadsaktivitet i haust med rydding av vekster i løypa. Men, me må ha den tradisjonelle dugnaden for å gjera siste finpussen i og rundt bygningar, og i løypa.

Dugnadsaktivitetar:

  • Rydding av pas/kvist i og langs løypa + stadion.
  • Felling av tre langs løypa.
  • Taktekking på den gamle varmestova ved parkering.
  • Rydda i lageret på stadion.
  • Vaska ut av varmestova på stadion + toalett.

Ta med det som passar:

  • Vaskebøtte, vaskeklut m.m. Motorsag, ryddesag, teleskopsag, beskjæringssaks, m.m.
  • Hammar, brekkjern, drill med relevant tilleggsutstyr.

Mat:

  • Ta med niste. UIL stiller med kaffi, saft, nysteikte lappar m.m.

Ta gjerne med ungar på dugnad.
Det er også fint for dei å ta seg ein sykkeltur i løypene om det skulle freista.

Gje melding til Torkjell på mob: 971 30 173 om de har høve til å møta, og kva de kan bidra med!

Mbh Skigruppa,UIL