God Jol
Forfatter: Torkjell Lunde Børsheim
24. desember 2025
Styret i Ulvik IL vil med dette kortet ynskja alle våre medlemer ei riktig God Jol og eit Godt Nytt aktivt år!
Takk til alle medlemer som er med på å skapa gode idrettsarenaer gjennom god innsats, godt samhald og godt miljø.
Takk til alle tilitsvalde som held hjula i gang heile året i fotball, ski, friidrett, trim, volleyball, badminton og Kvasshovden Opp.
Takk til alle støttespelarane våre som hjelper oss med å få realisert aktivitetane til UIL.
I 2026 er det 100 ÅR sidan Ulvik idrottslag vart skipa - dette kjem me til å markera gjennom heile året. Fylg med for mer informasjon om desse tilskipingane.
Nyt joleferien - og ta dykk ein tur ut i det fine veret. No håpar me Kong Vinter kjem på besøk snart.