Nye fotballdrakter til alle lag
Forfatter: Styret UIL
16. april 2026
Nye drakter med ny sponsor
Ulvik IL, fotballgruppa, har fått nye komplette draktsett til alle laga i år! Gjennom støtteordninga til hovudsponsoren vår - Sparebanken Norge - har alle utøvarane våre no like drakter, shorts og sokkar med ny logo. Tusen takk til Sparebanken Norge!
Måndag 13.april hadde fotballgruppa utdeling av drakter til alle lag på ein felles trening. Der var det fokus på allsidig aktivitet for fotball, fordelt på 20 øvingar, utøvarane vart fordelte på tvers av laga. Kjekk og lærerik trening!
Det var òg ein felles gjennomgang av reglar for korleis me ynskjer at spelarar, trenarar og foreldre skal opptre på trening og kamp, innad i laga og overfor motstandarlag. Kortversjonen er å vera rause med kvarandre og syna respekt for andre.
Torsdag 16.april vart fyrste heimekamp gjennomført på grasmatta i Holmen for eit av fotballlaga, sola skein opp i mellom regnbygene, og innsatsen var stor blant dei unge fotballspelarane - ikledd nye gule drakter!
Takk igjen til Sparebanken Norge - ein viktig støttespelar for idrettsaktiviteten blant unge og vaksne i Ulvik IL.