KVASSHOVDEN OPP 2026 - Laurdag 11. juli
Norgescup motbakkeløp
NB! Fellestart for alle konkurranseklassar er i år kl 11:00.
Påmelding
Fristen for online påmelding er kl 12.00 fredag 10. juli.
Startkontingent Kr. 300 – i alle konkurranseklassane. NB. Auke i startkontingent etter 1.juni - kr. 400!
Medlemar i Kondis – norsk organisasjon for kondisjonsidrett – får kr 40,- i rabatt ved påmelding
Yngste konkurranseklasse i Kvasshovden opp er 14 år.
Startkontingent Kr 150,- i mosjonsklassen utan tidtaking for alle som er 17 år og eldre.
Påmelding med familierabatt (2 vaksne+ barn) kr 300 kan berre gjerast direkte i sekretariatet (ikkje elektronisk).
Påmelding heilt fram til starttidspunkt:
Det er mogleg å melda seg på i mosjonsklassen og i konkurranseklassen i sekretariatet si opningstid fram til kl. 11.00 laurdag utan tillegg i pris. Betaling med kort eller vipps.
Startkontingenten må du betala ved påmelding.
Starttider
MOSJON:
Kl. 08.00 – 11.00 er valfri starttid for mosjon utan tidtaking. Det er ikkje nedre aldersgrense for mosjonsklasse. Det vert opp til føresette å avgjera om barnet er i stand til å nå toppen.
I mosjonsklassen kan ein òg melde seg på og starta frå Børsheim (230 moh - Byrsevegen 90). Kun betaling med Vipps på Børsheim. Det er gode høve for parkering der. Starter ein tidleg er ein på toppen i målområdet og får med seg innspurten i konkurranseklassane. Dei beste brukar godt under ein time til topps.
KONKURRANSE:
Kl 11.00 går fellesstarten for alle konkurranseklassar for Kvasshovden Opp frå Allmenningen på Brakanes
Startnummer
Startnummerutdelinga vil føregå i Brakanes kurs- og konferansesenter fredag kl. 16.00 – 19.00 og løpsdagen laurdag frå kl. 07.30 – 11.00 .
Ryggsekk
Alle deltakarane i konkurranseklassen må ha sekk med kle og mat for turen (både opp og ned!).
Det er påbode med løpesekk eller vest som skal innehalda oppakning etter sjølvbergingsprinsippet.
- Tynn jakke
- Tynne hansker
- Drikke til eget bruk
- Ei banan eller to, el.l.
- Tynn lue/pannebånd.
(Sjølvbergingsprinsippet gjeld også Trimklasse, men er ikkje påbudt)
Skadar kan oppstå, som overtrakk e.l. Følg med på varselet frå yr.no
Merknad angående sekk: Det er ingen krav til vekt på sekken. Ei tynn overtrekksbukse kan også vurderast som eit stalltips frå oss i løpsutvalget. Er vi usikre på om nokon kanskje har for lite i sekken forbeholder me oss retten til å spørje om å få kikka oppi sekken.
Drikkestasjon
I Kvasshovden opp vil det vera 3 drikkestasjonar: Børsheim, Gunnarsete og ved målpassering. Børsheim ligg etter vel 3 km og 230 høgdemeter. Gunnarsete ligg i øvre del av skogbeltet og kjem etter 5.5 km og 600 høgdemeter. Etter målpassering vil det vere mogleg å få drikke, men me tilrår at du tek turen ned til Gunnarsete eller ber med vatn frå Gunnarsete og opp.
Premiering
- Alle som fullfører er vinnarar og får pin etter målpassering på Kvasshovden. Dei som går for 5.gong (delteke 5 gonger uansett klasse), får ein 5-års-pin i tillegg. 10. gong får T-skjorte. Kontakt sekretariatet.
- Dei 20% beste i konkurranseklassane vert premierte.
(3) Pengepremiar til dei 3 beste menn og kvinner
1. premie kr 3000,
2. premie kr 2000,
3. premie kr 1000.
- Det vert trekt ut premiar mellom alle som fullfører uansett klasse.
- Mellom deltakarar i mosjonsklassen utan tid vert det i tillegg trekt ut tre hovudpremiar.
1. premie frå Sport 1
Premiane på loddtrekning vert berre delt ut til dei som møter fram til premieutdelinga.
Difor: Få også med deg premieutdelingsseremonien ! Dersom den som vert trekt ut ikkje er tilstades, vert ny vinnar trekt ut etter eit halvt minutt.
Premieutdeling – sjå oppslag for tidspunkt.
Premieutdeling vert avhalde på Brakanes kurs- og konferansesenter (Kongressen).
Klassar Kvasshovden Opp
K14-15 M14-15
K16-17 M16-17
K18-19 M18-19
K20-22 M20-22
K23-34 M23-34
K35-39 M35-39
K40-44 M40-44
K45-49 M45-49
K50-54 M50-54
K55-59 M55-59
K60-64 M60-64
K65-69 M65-69
K70-74 M70-74
K75-80 M75-80
K80+ M80+